Hopp til innhold

Oppdatert: Restriksjonsområde i deler av luftrommet i Oslo

Skjermdump fra ippc.no over utvidet restriksjonsområde ved Oslo.
Restriksjonsområdet i Oslo er markert på kartet. Restriksjonsområdet er utvida til ein radius på 1 NM, og går frå bakken/vatnet og opp til 3000 fot over middels havnivå. Foto: www.ippc.no

Luftfartstilsynet har oppretta to mellombelse restriksjonsområde i delar av luftrommet i Oslo og Indre Oslofjord, i samband med militær aktivitet i området. Restriksjonsområda er fastsette gjennom forskrift.

Restriksjonsområde «Oslo»

Restriksjonsområdet i Oslo er markert med blå sirkel på kartet nedanfor. Restriksjonsområdet har ein radius på 0,5 NM, og går frå bakken/vatnet og opp til 3000 fot over middels havnivå.

Oppdatert 2. november kl. 14:45: Restriksonsområde er utvida til ein radius på 1 NM.

Restriksjonsområdet vil vera gjeldande frå og med 1. november 2024 kl. 12:00 til og med 6. november 2024 kl. 23:59, lokal tid.

Restriksjonsområde «Indre Oslofjord»

Restriksjonsområdet i Indre Oslofjord er markert med blå linjer på kartet nedanfor. Restriksjonsområdet går frå bakken/vatnet og opp til 2500 fot over middels havnivå.

Restriksjonsområdet vil vera gjeldande i følgande perioder:

  • frå og med 1. november 2024 kl. 07:30 til og med 1. november 2024 kl. 14:00, lokal tid.
  • frå og med 6. november 2024 kl. 11:00 til og med 6. november 2024 kl. 17:00, lokal tid.

 

Restriksjonane

I perioden restriksjonsområda er gjeldande vil all flyging i restriksjonsområda vera forbode. Forbodet gjeld også ubemanna luftfartøy og modellfly. 

Operatørar som har særskilt behov for flyging kan ta kontakt med Forsvaret. Kontaktinformasjon vil bli publisert på NOTAM. 

Det er gitt opning for særskilte tilpassingar for militær-, politi-, ambulanse- og søk- og redningsoppdrag. Desse kan koordinera flygingane med Forsvaret.

Les heile Forskrift om opprettelse av midlertidige restriksjonsområder i luftrommet i Oslo og Indre Oslofjord og Forskrift om endring i forskrift om opprettelse av midlertidige restriksjonsområder i luftrommet i Oslo og Indre Oslofjord på nettsidene til Lovdata.

 
Sist oppdatert: 06.11.2024