Hopp til innhold

Bytte utferdarland for flygarsertifikat og legeattest

Vil du overføre ditt flygarsertifikat og/eller din legeattest til ein annan myndigheit? Slik går du fram:

  1. Send inn søknad om bytte av luftfartsmyndigheit

    Du må søkje i det landa som du ønskjer som framtidig luftfartsmyndigheit. Luftfartsmyndigheitane i dei aktuelle landa vil koordinere den vidare prosessen.

    Du som ønskjer å flytte ditt flygarsertifikat og/eller legeattest frå Noreg til eit anna utferdarland sender ein søknad til det aktuelle landet. Ta kontakt med luftfartsmyndigheita i landet for informasjon om korleis du går fram.

    Du som ønskjer å flytte ditt flygarsertifikat og/eller legeattest til Noreg, søkjer ved å sende inn følgjande skjema.

    NF-1057E application change
    of competent authority
  2. Betal overføringsgebyr
    Du vil i dei fleste tilfelle bli fakturert av den framtidige myndigheita, og i nokre tilfelle også av den noverande myndigheita. 

    I Noreg er det eit gebyr for å flytte flygarsertifikatet og eit gebyr for å flytte legeattest. Desse gebyra finn du i Forskrift om gebyr til Luftfartstilsynet mv. (BSL A 1-2).

  3. Returnér gamalt flygarsertifikat og legeattest  
    Om Noreg er ditt nye utferdarland, vil du få eit nytt sertifikat og legeattest frå Luftfartstilsynet. Når du tek imot det nye sertifikatet og legeattesten må dei gamle omgåande sendast tilbake til Luftfartstilsynet.

  4.   Fullført bytteprosess
    Bytteprosessen er ikkje fullførd før du har fått ei melding frå Luftfartstilsynet om at vi har motteke ditt gamle flygarsertifikat og legeattest. Fram til du har fått denne meldinga kan du bruka ditt nye flygarsertifikat og legeattest, men du må framleis forhalda deg til gamal myndigheit. Det er difor viktig at du sender oss gamalt sertifikat og legeattest så fort som mogleg.