Verdiane til Luftfartstilsynet
Verdiane våre hjelper oss å nå måla våre og å vere ein attraktiv arbeidsplass for noverande og framtidige medarbeidarar. Verdiane kjem til sin rett når vi som jobbar i Luftfartstilsynet, følgjer dei i det daglege virket vårt.
Kulturverdiane våre er openheit, samarbeid, respekt og profesjonalitet.
- Openheit fordi vi vil at alle i Luftfartstilsynet skal kunne uttrykkje ope kva dei meiner på ein konstruktiv måte som speglar tryggleik, ærlegdom og etterrettelegheit. Luftfartstilsynet skal vere ein transparent organisasjon
- Samarbeid fordi vi deler informasjon og kunnskap med kvarandre til beste for Luftfartstilsynet og aktørane i luftfarten. Vi har ein konstruktiv og god dialog med andre aktørar.
- Respekt fordi vi viser sjenerøsitet og toleranse for mangfald og ulikskapar. Vi vil kvarandre vel og tek opp ting i beste meining. Vi speler kvarandre gode og er lojale mot oppdraga våre og avgjerdene som blir tekne. Vi har respekt for marknaden vi skal betene.
- Profesjonalitet fordi vi vil at medarbeidarane hos Luftfartstilsynet skal ha høg kompetanse, integritet og truverd både internt og eksternt. I Luftfartstilsynet har vi god rolleforståing og står fram som ein heilskapleg og føreseieleg organisasjon.