Hopp til innhold

Avvising av ufullstendige søknadar

Illustrasjonsbilde av sertifikat.

Frå 1. februar innfører Luftfartstilsynet ein ny saksbehandlingsprosedyre som opnar for avvising av søknadar som ikkje oppfyller fastsette krav.

Luftfartstilsynet har lenge opplevt utfordringar med søknader som manglar nødvendig informasjon. Dette har resultert i stor tidsbruk på å etterspørje manglande opplysningar, og ineffektive prosessar som forseinkar behandlingstida.

Ved å avvise ufullstendige søknader ynsker Luftfartstilsynet å:

  1. Prioritere fullstendige søknader.
  2. Redusere saksbehandlingstida.

Nye krav til søknadsinnsending

For å sikre ei einskapeleg og effektiv behandling vert innført følgjande endringar:

  • Søknadar via kontrollanter: I søknadar der det vert gjennomført prøvar med ein kontrollant skal berre kontrollanten sende søknaden direkte til Luftfartstilsynets postmottak. Dette skal forhindre feil og forseinkingar som fylgje av misforståingar.
  • Konsekvensar ved avvising: Viss ein søknad vert avvist på grunn av manglande dokumentasjon, må kontrollanten sende inn ein ny søknad. Ny søknad vert behandla etter mottatt dato.  Det er difor viktig å sikre at søknaden er komplett før innsending.

Oppmoding til søkjarar og kontrollanter

Luftfartstilsynet oppmodar alle søkjarar og kontrollanter til å:

  • Nøye sette seg inn i krava for søknaden.
  • Dobbelsjekke at all nødvendig dokumentasjon er vedlagd før innsending.

Ved å følge desse retningslinjene kan ein unngå forseinkingar og sikre raskare behandling.

Mål for tiltaka

Luftfartstilsynet har som mål å tilby ein rettferdig og effektiv saksbehandlingsprosess. Dei nye tiltaka skal bidra til:

  • Kortare behandlingstid.
  • Betre ressursutnytting.
  • Ei meir tilfredsstillande oppleving for alle involverte.

Luftfartstilsynet ser fram til å levere meir effektive og rettferdige tenester for alle involverte.

Førespurnadar knytt til avvising av vedtak vert sende til postmottak@caa.no.

Dersom søkjar har spørsmål rundt avvising av søknad, må søkjar ta kontakt med sin kontrollant, då det er kontrollanten som er ansvarleg for at søkjars dokumentasjon er korrekt utfylt og innsend til Luftfartstilsynet.

Sist oppdatert: 18.12.2024